NYHENDE

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane ein auke i antal besøkande i 2017 på 5 %, som gjev eit samla besøkstal på 66.830 gjester, ei auke på 3016 besøkande. «Vi har ikkje hatt så gode besøkstal i Musea sidan før 2012, noko som vi er godt nøgde med. Når vi i tillegg har aukande grad av tilfredse besøkande, er dette særs gledeleg. Vi hadde ein fin vekst på hausten med både turistar og formidlingsopplegg, men vi har eit potensiale for å auke besøkstalet i sommarsesongen», seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.

Sogn og Fjordane Kunstmseum ved Kunstfagleg råd, har i desember gått til innkjøp av Maia Birkeland sin installasjon "Byløa", satt saman av pallar, bølgeblekkplater og ein video med lydspor.

«Byløa» vart reist på dugnad laurdag 13. mai framfor Førde rådhus. Dugnadsånda viser til ein tradisjonell arbeidspraksis og ei kollektiv involvering ved å arbeide i lag. Plassering av «Byløa» skapte ein møteplass, gav ulike referansar til omgjevnadane, og refleksjon over fortid, samtid og framtid.

Tildeling av årets BKH-stipend går til kunstnaren Karen Helga Maurstig (1959). Maurstig har gjennom mange år har synt profesjonalitet og høg kvalitet i sitt kunstnarlege arbeid. Kunstfagleg råd ønskjer med tildelinga av stipendet å gje ytterlegare moglegheiter for kunstnarleg forsking og utprøving.
Susanne H.G. Poulsson er tilsett som ny avdelingsleiar for Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. Poulsson tek til i jobben 15.februar. Ho har tidlegare vore tilsett som førsteamanuensis ved Høgskulen Kristiania og på Handelshøgskulen BI i Oslo, der ho har vore forskar og forelesar på fagområder som reiseliv, attraksjonsutvikling, kultur og opplevingsøkonomi.

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) vart etablert i 2009 som eit resultat av den nasjonale museumsreforma. Reforma skulle gje sterkare fagleg samarbeid og betre og meir rasjonell museumsdrift. Den gongen vart De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sunnfjord Museum, Nordfjord Folkemuseum, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Sogn Kunstsenter, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Anders Svor Museum konsolidert inn. Seinare har Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad kome til.