
- ”Levd Liv” heiter boka Sogn Folkemuseum ga ut til sitt 100-års jubileum i fjor. NRK P2-programmet "Museum" har teke turen til De Heiberske samlinger for å høyre om ”vrield”, ”gogn” og legenden Gert Falch Heiberg.
Høyr reportasjen om boka, som av programleiar Øyvind Arntzen blir kalla for den flottaste jubileumsboka i Museumsnorge. Sjølvsagt er vi stolte av det!
- Høyr "Museumsserien", som NRK Sogn og Fjordane lagde i 2008. Serien har 35 innslag frå dei kulturhistoriske musea, m.a. om Kvamssølvet frå Jølster.

- Bli med NRK Sogn og Fjordane "På kunstferd i Sogn og Fjordane". Her fortel Morten Johan Svendsen korleis kunsten har utvikla seg i fylket, kva vi har å by på og kva utfordringar vi har. Serien er frå 2006 og er vel verd ein lytt!