Kvernsteinsparken

I Kvernsteinsparken i Hyllestad reiser du tilbake til vikingtida og mellomalderen - du møter vikingane som dyktige handverkarar og drivne handelsfolk.

Det var stein som var Hyllestad sitt "gull" i hundrevis av steinbrot jobba det steinhoggarar som tok ut kvernstein etter kvernstein for å skipe det ut i den store verda. Den gongen var kvernstein ein heilt sentral gjenstand. Utan kvernstein ingen mat. 

I Kvernsteinsparken tek vi deg med på tur gjennom steinbrotlandskapet kor vikingane sleit for 1000 år sidan. Etter steinbrotsturen kan du sjølv bruke hendene dine. Du kan male korn, bake brød, lage klebersteinsmykke, prøve deg på oppstadveven, eller kose deg ved bålet med noko godt å ete. 

Planlegg ditt besøk

Adresse

6957 Hyllestad
Tlf: +47 458 71 940

post@kvernstein.no

Opningstider

Kvernsteinsparken er eit friluftsmuseum som alltid er open/tilgjengeleg. Om sommaren (juni til august) tilbyr vi guida tur og aktivitetar:

24. juni - 26. aug 2018  Tysdag til Søndag: Kl 10-17


Billettprisar

Vaksne (18 år og oppover) NOK 60,-
Born 0-6 år Gratis
Born 7-18 år NOK 30,-


For meir info besøk Kvernsteinsparken sin nettstad.