Pressemelding: Statsbudsjettet 2018

Svekka økonomiske rammer krev nye strategiske grep for musea

I framlegg til statsbudsjett for 2018 er det foreslått eit tilskot for Musea i Sogn og Fjordane på kr. 36 290 000. Dette er ei svak auke frå 2017 på om lag 2,2 %, som er litt lågare enn forventa pris- og lønnsvekst på 2-2,4 %. I realiteten er tilskotet difor ei svekking av Musea i Sogn og Fjordane sine økonomiske rammer.  

– «Musea i Sogn og Fjordane har fleire viktige investeringsprosjekt som vi hadde von om å få støtte til. Nå må vi jobbe vidare for å få realisert våre ambisjonar om å vere eit framtidsretta og attraktivt museum», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

Musea i Sogn og Fjordane er i gang med ei naudsynt og spanande strategiprosess, med måltting om å løfte heile det konsoliderte museet som ei eining. – «Signala frå statsbudsjettet seier oss at vi må ta nye grep og vere proaktive i møte med dei nye økonomiske rammevilkåra. Vi må tenke nytt om korleis musea skal driftast framover, men vi er opptekne av at vi har eit samfunnsansvar som det er viktig å føre vidare», seier Aa Berge.

Kontaktperson:

Kjartan Aa Berge
Tlf: 414 46 439

kjartan.aa.berge@misf.museum.no